Nyheter
Velkomen til midtvegsseminar 30. mai
Midtvegsseminaret for Kulturalliansen blir gjennomført på Kulturhuset Sentralen i Oslo sentrum, måndag 30. mai kl. 10-15. Invitasjon blei sendt kulturorganisasjonane i starten av mai, og programmet for seminaret er no klart. Påmeldingsfristen er 22. mai.
Orientering om vidare prosess
Den sentrale del av prosjektet er eit utgreiingsarbeidet som tek føre seg behov og arbeidsform for ein ny kulturparaply. Det er lagt opp til at organisasjonane får kome med innspel til dette undervegs. I tillegg er det planlagt eit midtvegsseminar for kulturorganisasjonane 30. mai, og eit stiftingsmøte for ein evt. kulturparaply er planlagt 5. september.
Bjarne Dæhli er engasjert som utgreiar
Etter at arbeidsgruppa starta opp arbeidet i slutten av januar, er det engasjert ein utgreiar for prosessen med å få etablert eit kulturparaply. Utgreiaren er Bjarne Dæhli, som arbeider i konsulentfirmaet Burson-Marsteller.
Arbeidsgruppa er i gang
Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for den vidare prosessen med Kulturalliansen, og gruppa hadde sitt første møte 29. januar.
Ressursar frå det innleiande seminaret
Nær 60 personar var samla det innleiande seminaret for Kulturalliansen 24. november. Her finn du dei innlegga som vart halde på seminaret.
Stor oppslutnad om det innleiande seminaret
Over 50 deltakarar frå tilsaman 33 organisasjonar er påmeldt det innleiande seminaret på Riksscenen 24. november. Her kan du lese meir om programmet.
Velkomen til seminar 24. november
Tysdag 24. november blir det innleiande seminar for Kulturalliansen. Seminaret blir halde på Riksscenen i Oslo, og påmeldingsfrist er 15. november.
Ein million til utgreiingsarbeid
Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til utgreiingsarbeid for etablering av kulturparaply.