Velkomen til midtvegsseminar 30. mai
Midtvegsseminaret for Kulturalliansen blir gjennomført på Kulturhuset Sentralen i Oslo sentrum, måndag 30. mai kl. 10-15. Invitasjon blei sendt kulturorganisasjonane i starten av mai, og programmet for seminaret er no klart.
- Last ned programmet for seminaret.
- Påmelding innan 22. mai ved å fylle ut eit eige påmeldingsskjema. (Eitt skjema per organisasjon)
Hug å svare på spørjeundersøking før seminaret
Saman med invitasjonen til seminaret, utsendt i starten av mai, fekk organisasjonane ei lenke til ei kort spørjeundersøking. Her spør vi m.a. om inntektsgrunnlaget for organisasjonane, og om kva støtteordningar som er viktige for dei ulike organisasjonane. Dette er informasjon som er svært nyttig for det vidare arbeidet med Kulturalliansen, og vi oppmodar difor alle organisasjonane om å svare på denne undersøkinga før seminaret.
Viktig lesestoff før seminaret
Ein rapport som ser nærare på behov, oppgåver og mogleg organisering av Kulturalliansen, er sentral for den vidare prosessen. Rapporten blir ført i pennen av Bjarne Dæhli, som er engasjert som utgreiar for prosessen.
Første del av rapporten har kartlagt behovet og moglege oppgåver for Kulturalliansen, og denne delen blei sendt organisasjonane i starten av mai. Denne kan lastast ned her.
Nokre organisasjonar har teke i mot oppmodinga om å gje tilbakemeldingar på denne, og desse innspela er innarbeidd i ein justert versjon. Det blir i tilegg arbeidd med den delen av rapporten som omtalar mogleg organisering av Kulturalliansen. Ein justert rapport, som også tek med dette, vil bli sendt direkte til deltakarane på seminaret når påmeldingsfristen er ute.
Seminardeltakarane blir beden om å lese heile rapporten grundig før vi møtast 30. mai.
Etter innspel og drøftingar på midtvegsseminaret, vil siste kapitlet i rapporten bli skriven. Dette vil omtale meir konkrete politikk/fagområde som er aktuelle for Kulturalliansen å arbeide med, og vil vere eit viktig grunnlag for det planlagde stiftingsmøtet 5. september.