Velkomen til seminar 24. november
Har kulturorganisasjonane behov for ein felles og samlande paraplyorganisasjon?
Sjølv om frivilligheita allereie har fleire paraplyorganisasjonar som er viktig for samarbeidet organisasjonane i mellom, har ikkje kulturorganisasjonane ein felles paraply som kan setje kulturpolitiske saker på dagsorden. Det er fleire kulturfaglege område som ikkje fell inn under arbeidsområdet til dei eksisterande paraplyorganisasjonane, og det ligg eit uløyst potensiale i fleire overlappande interesser organisasjonane i mellom. Idrettsrørsla har i mange år hatt ei felles stemme utad gjennom organiseringa i Norges idrettsforbund. Denne organiseringa gir idretten ei tyngde og slagkraft og ein interessepolitisk legitimitet som også kulturorganisasjonane hadde vore tent med å ha.
Initiativtakarane til Kulturalliansen inviterer no landsomfattande og frivillige kulturorganisasjonar til eit innleiande seminar, for å starte drøftingane rundt ein eventuell framtidig kulturparaply.
Om vi lukkast med arbeidet, håper vi at den nye organisasjonen kan bli etablert i løpet av 2016.
Seminaret blir halde på Riksscenen i Oslo, tysdag 24. november kl. 9.30-14.
Program: Last ned pdf
Påmelding: http://goo.gl/forms/mIISx5dHB7.
Påmeldingsfrist er 15. november.