Kulturmeldinga vart lagt fram i dag
«Kulturens Kraft – kulturpolitikk for framtida»
Kva for retning skal den overordna kulturpolitikken ta framover? Kva for prioriteringar skal gjerast - og ikkje minst, kva er dei nye kulturpolitiske måla? I dag vart den fyrste kulturmeldinga på 14 år lagt fram. Spennande er det å lese kva Trine Skei Grande vil med kulturlivet framover.
Hovudbodskapen
Hovudbodskapen i den nye kulturmeldinga er at vårt rike og varierte kulturliv er føresetnaden for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Ytringar gjennom kunst og kultur byggjer kraft og samfunn. Å ta del er viktig for den enkelte. I møte med eit mangfald av meiningar og ytringsformer byggjer ein toleranse og identitet, og det bidreg til å fremje forståing, refleksjon og innsikt.
Dei nasjonale kulturpolitiske måla
I dei nasjonale kulturpolitiske måla søkjer regjeringa å vidareføre det som fungerer godt i dag, og samtidig leggje til rette for utvikling i tråd med nye forventningar og behov i samfunnet. Måla skal vise at kulturpolitikken er ei nasjonal satsing, der verkemiddel og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå høyrer med.
- Kulturmeldinga som ble lagt fram i dag har fleire konkrete mål som er svært relevante for oss, dei frivillige kulturorgansiasjonane. Den vektlegg aktiv deltaking, danning og demokrati. Den presiserer verdien av å ta vare på og formidle kulturarv, verdien av møteplassar og bygging av fellesskap, seier styreleiar i Kulturalliansen, Marit Jacobsen, etter å ha vore til stades på framlegginga på Vega Scene i Oslo i dag.
Byggje identitet og forståing
- I framlegginga tok kulturminister Trine Skei Grande opp att gong på gong behovet for grunnleggande kunnskap for alle, som gjer at du veit kvifor du likar det du likar, og du kan setje ord på det, seier Marit Jacobsen. - Trine Skei Grande poengterer også behovet for meir kunnskapsbasert kulturpolitikk.
Kulturalliansen si rolle
Under kapittel 8.5, Prioriteringar og vidare oppfølging, seier meldinga i siste kulepunkt: "Vurdere innretninga og fordelinga av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen"! - Her er med andre ord, mykje positivt og mykje å ta vidare for Kulturalliansen og medlemsorganisasjonane våre i tida framover, avsluttar styreleiar Marit Jacobsen.
Les også Norsk musikkråds kommentarar til kulturmeldinga her;
http://www.musikk.no/nmr/nyheter/kulturmelding/
Kulturmeldinga i si heilheit kan du lese her;
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-8-20182019/id2620206/sec1
Stort engasjement for ny kulturmelding
Kulturdepartementet har motteke nærare 400 skriftlege innspel i forkant av kulturmeldinga. Dette viser eit stort engasjement for kulturpolitikk over heile landet. Departementet har samarbeidd med fylkeskommunane, og har invitert til opne innspelsmøte rundt om i landet. Det har og vore fleire nasjonale innspelsmøte i Oslo. Innspel som er komne inn i samband med kulturmeldinga, utgjer eit kunnskapsgrunnlag både for denne meldinga og for andre meldingar og strategiar regjeringa skal leggje fram i tida som kjem.
Hovudinntrykket frå innspela signaliserer mellom anna eit behov for tydelege, overordna kulturpolitiske mål, formålstenleg ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa og fleire finansieringskjelder.
Oppfylging av kulturmeldinga framover
Om arbeid og oppfylgjing av kultrumeldinga framover seier Kulturdepartementet: “Kulturmeldinga vil bli etterfølgd av eigne stortingsmeldingar og strategidokument som skal konkretisere behov og tiltak på delområde av kulturpolitikken. Regjeringa vil leggje fram kunstnarmelding (KUD), barne- og ungdomskulturmelding (KUD/KD), museumsmelding (KUD), språkmelding (KUD), nasjonal bibliotekstrategi (KUD) og strategi for kultur og reiseliv (KUD/NFD). Konkrete behov og tiltak som følgje av kulturmeldinga vil òg bli følgde opp i dei årlege budsjettproposisjonane til Stortinget. Regjeringa vil i 2020 også leggje fram ei stortingsmelding om kulturminnepolitikken (KLD)."