Kulturalliansen er stifta

Måndag 5. september vart det halde stiftingsmøte for Kulturalliansen, og 30 kulturorganisasjonar valte å stille som stiftarorganisasjonar. Med stiftinga av Kulturalliansen har dei frivillige kulturorganisasjonane fått ei eiga samanslutning som har som føremål å arbeide for å styrke kulturfrivilligheita sin posisjon og rammevilkår i samfunnet. Målet er å skape større påverknad i kulturpolitikken.

Stiftingsmøtet vedtok ein resolusjon, som fastset politikkområde for Kulturalliansen, og valte også eit interimsstyre som skal fungere fram mot det første ordinære årsmøtet, som blir halde i april 2017.

Ressursar etter stiftingsmøtet:

Interimsstyret

Stiftingsmøtet valde 7 personar til å utgjere eit interimsstyre som skal arbeide fram mot det første ordinære årsmøtet, i april 2017:

  • Karl Ole Midtbø, Norges Musikkorps Forbund
  • Espen Kvark Kvernberg, Norsk amatørteaterforbund
  • Eline Melgalvis, Norsk musikkråd
  • Åsmund Mæhle, Norges korforbund
  • Turid Myrholt, Kristelig studieforbund (K-stud)
  • Kjetil Aamann, Koralliansen
  • Marit Jacobsen, Norges Husflidslag
Forrige
Forrige

Kulturalliansen ikkje på statsbudsjettet

Neste
Neste

Stiftingsmøte 5. september