Stiftingsmøte 5. september
Teateralliansen har vore prosjekteigar for eit utgreiingsarbeid for en ny samanslutning for det frivillige kulturfeltet. Utgreiinga vart ferdigstilt 20. juni, og Kulturdepartementet, som har finansiert utgreiingsarbeidet, mottok rapport for arbeidet 4.7.2016.
I tråd med framgangsmåten som har vorte skissert tidlegare i prosessen, blir det med dette kalla inn til stiftingsmøte for Kulturalliansen.
Stiftingsmøtet blir halde på Kulturhuset Sentralen, Øvre Slottsgate 3, måndag 5. september 2016 kl. 10-15.
Inviterte til stiftingsmøtet er dei organisasjonane som har delteke på det innleiande seminaret for Kulturalliansen 24.11.2015 og/eller på midtvegsseminaret 30.05.2016. Det vil bli høve for andre organisasjonar å tilslutte seg organisasjonen på eit seinare tidspunkt, men vi har funne det naturleg å avgrense deltakinga på stiftingsmøtet til dei organisasjonane som har vore involvert i prosessen til no.
Aktuelle dokument:
- "Kulturalliansen - Utredning av en ny sammenslutning for det frivillige kulturfeltet" (pdf, 32 sider)
- Sakspapir til stiftingsmøtet (pdf, 7 sider)
- Lenke til påmeldingsskjema (påmeldingsfrist 20. august)