Tre tips til nye (og gamle) kulturpolitikarar

Er du kulturpolitikar med hjarte for det frivillige kulturlivet? Me har tre gode råd til deg som vil vere med å jobbe for auka deltaking og vekst i kulturfrivilligheita!

Først litt fakta

Nesten 20 prosent i Noreg speler eit instrument. 5,3 prosent syng i kor, og 5,4 prosent deltek i kulturminnevernlag. I tillegg er mange med i dansegrupper og amatørteater. Det frivillige kulturfeltet er stort. Til saman deltek over 500 000 i dei frivillige kulturorganisasjonane.

Men hugs: Det å vere med i frivillige kulturorganisasjonar dreier seg ikkje berre om å øve og spele på ei scene eller halde ved like kulturminne. Deltaking i kulturaktivitetar styrker folkehelsa, bidreg til inkludering, integrering og bulyst, og er ein viktig kanal for ytring og læring i alle fasar av livet; frå barnehagen til alderdomen. 

Tre tips til deg som vil bidra til auka deltaking og vekst

Kulturalliansen er ein interessepolitisk organisasjon for 38 organisasjonar og paraplyar. Me delar her tre råd til lokalpolitikarar som vil bidra til vekst og utvikling:

  1. Kjenn kulturfrivilligheita der du bur!
    Me er mange, og om du trur du kjenner alle så vågar me å påstå at du truleg ikkje gjer det. Oversikt over kulturorganisasjonane i kommunen (og fylket) finn du i Frivilligheitsregisteret på brreg.no Skriv inn namnet på din kommune og søk i hovudkategori 1, underkategori Kunst og kultur 100.

  2. Snakk med dei frivillige kulturorganisasjonane!
    Etabler eit kulturråd der alle kulturorganisasjonane kan delta, om det ikkje alt finst. Møt rådet jamleg for å dele informasjon med organisasjonane, og få informasjon frå dei. Snakk om kven som manglar stad å øve eller lagre materiell, kva planar dei har for medlemsverving, kurs, tilskipingar og vern av lokale kulturtradisjonar og kulturminne. Slik kan de i fellesskap vurdere korleis kommunen og organisasjonane kan samhandle for å skape vekst.

    Etablering av regionale kulturkretsar er eit tiltak i strategien for det frivillige kulturfeltet som regjeringa har lagt fram. Ein nasjonal mal for kretsane for samansetting, mandat og oppgåver vil bli utvikla i 2024. Følg prosessen på nettsida vår.

  3. Legg planar!
    Lag planar for utvikling og vekst i kulturlivet. Dei må òg ta vare på dei behova kulturorganisasjonane har. Hugs at kulturorganisasjonane står for tynga av kulturopplæring og kulturtilskipingar i Noreg – ofte i samarbeid med profesjonelle institusjonar og utøvarar. Legg planar for å sjå til at det mange nok og store nok lokale, bygg med riktig akustikk for ulike kulturuttrykk og tilstrekkeleg med ventilasjon osb. På www.kulturlokaler.no finn du tips om kva du kan gjere.

    Kulturalliansen kartlegg lokale for kulturutøving i heile landet. Det frivillige kulturfeltet treng lokale som fremjar helse, øvingsglede, gode prestasjonar og resultat. Mange kommunar har oversikt over tilgjengelege kulturlokale, og har dykk ikkje det kan det vere ein lur ting å skaffe seg. Informasjon om kartlegginga finn du nettsida til Kulturalliansen.

Kulturfrivilligheita gler seg til å samarbeide med deg!

Me ser fram til samarbeidet med kulturpolitikarane i heile landet i den komande kommunestyreperioden. Saman skal me få fleire med i det frivillige kulturlivet – fordi det gir auka kulturaktivitet, auka livskvalitet og auka tilhøyrsle for alle i lokalsamfunnet vårt!

Til slutt: Spør oss om du treng meir informasjon. Me hjelper gjerne til!      

Forrige
Forrige

Innspillsmøte: Handlingsplan for deltakelse

Neste
Neste

1,5 millionar til regionale kulturkretsar