Torbjørn Bergwitz Lauen tilsett som Prosjekt- og organisasjonsrådgjevar
12. september begynte Torbjørn Bergwitz Lauen som prosjekt- og organisasjonsrådgjevar i Kulturalliansen. Han er tilsett i eit vikariat medan Marie Hustad er i permisjon ut mai 2024. Torbjørn arbeidar 80% fram til jul 2023, og 100% ut vikariatet i 2024.
Torbjørn har dei siste fire åra jobba som kommunikasjonsrådgjevar i Senterpartiet, og kjem rett frå valkamp, klar for nye utfordringar. På fritida er det folkedansen som sit i høgsetet, og han dansar fleire gonger i veka i Leikarringen i BUL Oslo, kor han er styreleiar. Han står òg bak dei månadlege Folkemusikkpøbbane på Kaffistova.
Han har lang fartstid frå Noregs Ungdomslag, kor han i dag er leiar. Han kjenner godt til Kulturalliansen, feltet, og gjennom NUs eige kartleggingsprosjekt Huset i Bygda har han mykje relevant kunnskap når han no har ansvaret for Kulturalliansens kartleggingsprosjekt av lokale for det frivillige kulturlivet.
Kontaktinfo:
torbjorn@kulturalliansen.no
95 96 94 75
Foto: Mona Husby