Årsmøte i Kulturalliansen, 25. april
Stiftarorganisasjonane er kalla inn til det første ordinære årsmøte i Kulturalliansen. Møtet blir halde tysdag 25. april kl 10-15. Møtestad blir Forstandarskapssalen på kulturhuset Sentralen, Øvre Slottsgate 3.
Førebels saksliste:
- Opning og konstituering
- Årsmelding for 2016
- Rekneskap for 2016
- Vedtekter for Kulturalliansen
- Arbeidsplan 2017-2018
- Budsjett 2017-2018
- Innkomne forslag
- Val
Forslag til saker:
Om stiftarorganisasjonane har saker ein ønskjer skal bli handsama på årsmøtet, må desse vere sendt styret seinast 13. mars. Dette er same frist som valkomiteen har satt for nominasjonar til styret.
Nominasjonar til styret:
Valkomiteen ønskjer forslag til følgjande posisjonar:
- styreleiar
- fire styremedlemmer
- to varamedlemmer
Kva kandidatar ønskjer valkomiteen?
Styret si viktigaste oppgåve framover vil vere å bygge Kulturalliansen som ein solid organisasjon ogkulturpolitisk aktør. Sidan organisasjonen ikkje har ordinære driftsmidlar enno må kandidatar til styret vere dedikerte organisasjonsmenneske, med moglegheit til å bruke arbeidstid på styrearbeidet.
Aktuelle kandidatar bør ha politisk og organisatorisk teft og strategiske evner. Valkomiteen ønskjer også kandidatar som har erfaring med interessepolitisk arbeid, og med politisk nettverk.
Valkomiteen ber om at nominasjonar blir sendt til kultur@kulturalliansen.no seinast måndag 13. mars.
Nominasjonane må innehalde:
- Namn, alder, bustadadresse, ep-postadresse og telefonnr. til den foreslåtte kandidaten
- Kortfatta CV, som viser relevant erfaring frå både yrkesliv og organisasjonsliv.
- Eit eige avsnitt der den foreslåtte kandidaten omtalar sin eigen motivasjon for å stille til val.
Sakspapir og påmelding:
Forslag til endeleg saksliste med sakspapir og påmeldingsinformasjon vil bli sendt organisasjonane seinast 28. mars.