Invitasjon til å delta som kulturkrets-pilot

Vi sender no ut invitasjon til alle regionale ledd i kulturfrivilligheita om å delta som pilotar i prosjektet «Utvikling av regionale kulturkretser».

Det skal bli gjennomført tre pilotprosjekt, og pilotane skal:

  • Etablere ein kulturkrets som samarbeidsforum for regionale ledd i frivillige kulturorganisasjonar i sitt fylke

  • Etablere kulturkretsen som kontaktpunkt for fylkeskommunen

Vi treng ein, eller fleire organisasjonar i samarbeid, som er villige til å vere initiativtakarar og leie oppstarten på prossessen med å etablere kulturkretser. Kvart pilotprosjekt får kr. 100 000,– til rådevelde for å nå ut med informasjon til regionale kulturorganisasjonar i fylket, halde møte og dekke reiseutgiftar for regionale kulturorganisasjonar i fylket.

Prosjektleiar for «Utvikling av regionale kulturkretser» vil halde fysisk oppstartsseminar for alle tre pilotprosjekta i fellesskap.

Vil du vere pilot?

Ta kontakt med prosjektleiar Birgitte Brekke. Skriv kort om kvifor de ønskjer å vere pilot, og korleis de har tenkt å løyse oppdraget. NB! Hugs å lese heile invitasjons-dokumentet!

Frist for å melde interesse er 1. februar 2024. UTSATT FRIST: 10. februar 2024

Forrige
Forrige

Kommunerapportar frå Steinkjer og Snåsa publisert

Neste
Neste

Innspel til handlingsplan for inkludering