Innlandet, Trøndelag og Vestland blir pilotfylker for regionale kulturkretsar
Av dei sju kandidatane som søkte om å delta i pilotprosjektet har desse no blitt vald:
Innlandet: Innlandet Musikkråd
Trøndelag: Norges Musikkorps Forbund Trøndelag
Vestland: Memoar Vestland & Bergen m.fl.
Målet med pilotprosjektet er å få på plass kulturkretsar i dei tre fylka i løpet av året. Me skal lære av prosessane, og lage ein mal som resten av det regionale frivillige kulturfeltet kan bruke til å etablere kulturkretsar over heile landet.
Alle regionale ledd i frivillige kulturorganisasjonar i dei tre pilotfylka er invitert til å ta del i prosessen med å etablere kulturkrets i eige fylke.
Etter påske vil dei tre pilotfylka møte prosjektleiinga for å få satt i gang arbeidet. Dette blir startskotet for å sette i gang oppstartsmøte ute i fylka så raskt som mogleg. Følg med på nettsida til prosjektet, og ta gjerne kontakt med prosjektleiar om du har spørsmål.
Organisasjonane som har fått ansvaret for å stå i spissen for pilotprosjektet i sitt fylke har hovudansvar for:
Å rekruttere medlemmar til kulturkretssamarbeidet
At det blir etablert ein ressursgruppe som samarbeider om etableringa av ein kulturkrets i fylket
Kontakt med prosjektleiar og styringsgruppa for prosjektet, inkl. deltaking på fysisk oppstartsmøte og å rapportere på framdrifta i eit månadleg digitalt møte fram til kulturkretsen er endeleg etablert
Kontakt med fylkeskommunen
At arbeidet følgjer dei prinsippa, malene og retiningslinjene som styringsgruppa for prosjektet har vedteke
Å sende eit reknskap med de isame postene som i budsjettet for pilotprosjektet til prosjektleiar seinast 31. desember 2024