• Nytt frå interimsstyret

    Interimsstyret for Kulturalliansen hadde sitt første styremøte i slutten av oktober. Dei viktigaste sakene var oppfølging av stiftingsmøtet, forslaget til statsbudsjett for 2017 samt arbeid fram mot det første ordinære årsmøtet for Kulturalliansen. 

    Les mer

  • Kulturalliansen ikkje på statsbudsjettet

    Kulturalliansen er ikkje tilgodesett med midlar i forslaget til statsbudsjett for 2017. Det er overraskande at det historiske initiativet frå kulturorganisasjonane ikkje er omtalt i statsbudsjettet, men interimsstyret arbeider vidare med sikte på å sikre driftsmidlar frå 2017.

    Les mer

  • Kulturalliansen er stifta

    Måndag 5. september vart Kulturalliansen stifta, av 30 nasjonale kulturorganisasjonar. Stiftingsmøtet vedtok ein eigen resolusjon, som definerer politikkområde for Kulturalliansen, og valte også eit interimstyre som skal fungere fram mot det første ordinære årsmøtet, som blir halde i april 2017.

    Les mer

  • Stiftingsmøte 5. september

    Inviterte til stiftingsmøte for Kulturalliansen, er dei organisasjonane som har delteke på det innleiande seminaret 24.11.2015, og/eller på midtvegsseminaret 30.5.2016.

    Les mer

  • Ressursar frå midtvegsseminaret

    30. mai vart det gjennomført midtvegsseminar for arbeidet med Kulturalliansen. Omlag 60 representantar frå ulike kulturorganisasjonar deltok på seminaret, og gav nyttige innspel til vegen vidare mot ei eventuell stifting av organisasjonen.

    Les mer

  • Velkomen til midtvegsseminar 30. mai

    Midtvegsseminaret for Kulturalliansen blir gjennomført på Kulturhuset Sentralen i Oslo sentrum, måndag 30. mai kl. 10-15. Invitasjon blei sendt kulturorganisasjonane i starten av mai, og programmet for seminaret er no klart. Påmeldingsfristen er 22. mai.

    Les mer

  • Orientering om vidare prosess

    Den sentrale del av prosjektet er eit utgreiingsarbeidet som tek føre seg behov og arbeidsform for ein ny kulturparaply. Det er lagt opp til at organisasjonane får kome med innspel til dette undervegs. I tillegg er det planlagt eit midtvegsseminar for kulturorganisasjonane 30. mai, og eit stiftingsmøte for ein evt. kulturparaply er planlagt 5. september.

    Les mer

  • Bjarne Dæhli er engasjert som utgreiar

    Etter at arbeidsgruppa starta opp arbeidet i slutten av januar, er det engasjert ein utgreiar for prosessen med å få etablert eit kulturparaply. Utgreiaren er Bjarne Dæhli, som arbeider i konsulentfirmaet Burson-Marsteller.

    Les mer

  • Arbeidsgruppa er i gang

    Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe for den vidare prosessen med Kulturalliansen, og gruppa hadde sitt første møte 29. januar.

    Les mer