Kulturalliansen er stifta

Måndag 5. september vart Kulturalliansen stifta, av 30 nasjonale kulturorganisasjonar. Stiftingsmøtet vedtok ein eigen resolusjon, som definerer politikkområde for Kulturalliansen, og valte også eit interimstyre som skal fungere fram mot det første ordinære årsmøtet, som blir halde i april 2017.

NyhetAv Marianne Ween

Måndag 5. september vart det halde stiftingsmøte for Kulturalliansen, og 30 kulturorganisasjonar valte å stille som stiftarorganisasjonar. 

Med stiftinga av Kulturalliansen har dei frivillige kulturorganisasjonane fått ei eiga samanslutning som har som føremål å arbeide for å styrke kulturfrivilligheita sin posisjon og rammevilkår i samfunnet. Målet er å skape større påverknad i kulturpolitikken.

Stiftingsmøtet vedtok ein resolusjon, som fastset politikkområde for Kulturalliansen, og valte også eit interimsstyre som skal fungere fram mot det første ordinære årsmøtet, som blir halde i april 2017.

Ressursar etter stiftingsmøtet:

Interimsstyret

Stiftingsmøtet valde 7 personar til å utgjere eit interimsstyre som skal arbeide fram mot det første ordinære årsmøtet, i april 2017:

  • Karl Ole Midtbø, Norges Musikkorps Forbund
  • Espen Kvark Kvernberg, Norsk amatørteaterforbund
  • Eline Melgalvis, Norsk musikkråd
  • Åsmund Mæhle, Norges korforbund
  • Turid Myrholt, Kristelig studieforbund (K-stud)
  • Kjetil Aamann, Koralliansen
  • Marit Jacobsen, Norges Husflidslag