# Innlandet, Trøndelag og Vestland blir pilotfylker for regionale kulturkretsar

- Link: https://kulturalliansen.no/aktuelt/pilotfylker-kulturkrets/
- Published: 2024-02-29T13:06:37+01:00
- Author: kultur

Av dei sju kandidatane som søkte om å delta i pilotprosjektet har desse no blitt vald: Innlandet: Innlandet Musikkråd Trøndelag: Norges Musikkorps Forbund Trøndelag Vestland: Memoar Vestland &amp; Bergen m.fl. Målet med pilotprosjektet er å få på plass kulturkretsar i dei tre fylka i løpet av året. Me skal lære av prosessane, og lage ein mal som resten av det regionale frivillige kulturfeltet kan bruke til å etablere kulturkretsar over heile landet. Alle regionale ledd i frivillige kulturorganisasjonar i dei tre pilotfylka er invitert til å ta del i prosessen med å etablere kulturkrets i eige fylke. Etter påske vil dei tre pilotfylka møte prosjektleiinga for å få satt i gang arbeidet. Dette blir startskotet for å sette i gang oppstartsmøte ute i fylka så raskt som mogleg. Følg med på nettsida til prosjektet, og ta gjerne kontakt med prosjektleiar om du har spørsmål.
