# Velkomen til seminar 24. november

- Link: https://kulturalliansen.no/aktuelt/o4fbcigj9tj65x445kalw65isl10p5/
- Published: 2015-10-31T16:23:00+01:00
- Author: kultur

Har kulturorganisasjonane behov for ein felles og samlande paraplyorganisasjon? Sjølv om frivilligheita allereie har fleire paraplyorganisasjonar som er viktig for samarbeidet organisasjonane i mellom, har ikkje kulturorganisasjonane ein felles paraply som kan setje kulturpolitiske saker på&nbsp;dagsorden.&nbsp;Det er fleire kulturfaglege område som ikkje fell inn under arbeidsområdet til dei eksisterande paraplyorganisasjonane, og det ligg eit uløyst potensiale i fleire overlappande interesser organisasjonane i mellom. Idrettsrørsla har i mange år hatt ei felles stemme utad gjennom organiseringa i Norges idrettsforbund. Denne organiseringa gir idretten ei tyngde og slagkraft og ein interessepolitisk legitimitet som også&nbsp;kulturorganisasjonane hadde vore tent med å&nbsp;ha.&nbsp; Initiativtakarane til Kulturalliansen inviterer no landsomfattande og frivillige kulturorganisasjonar til eit innleiande seminar, &nbsp;for å starte drøftingane rundt ein eventuell framtidig kulturparaply. Om vi lukkast med arbeidet, håper vi at den nye organisasjonen kan bli etablert i løpet av 2016. Seminaret blir halde på Riksscenen i &nbsp;Oslo, tysdag 24. november kl. 9.30-14. Program:&nbsp;Last ned pdf Påmelding:&nbsp;http://goo.gl/forms/mIISx5dHB7. Påmeldingsfrist er 15. november.
