Innlandet, Trøndelag og Vestland blir pilotfylker for regionale kulturkretsar

NyhetAv Marianne Ween

Av dei sju kandidatane som søkte om å delta i pilotprosjektet har desse no blitt vald:

  • Innlandet: Innlandet Musikkråd

  • Trøndelag: Norges Musikkorps Forbund Trøndelag

  • Vestland: Memoar Vestland & Bergen m.fl.

Målet med pilotprosjektet er å få på plass kulturkretsar i dei tre fylka i løpet av året. Me skal lære av prosessane, og lage ein mal som resten av det regionale frivillige kulturfeltet kan bruke til å etablere kulturkretsar over heile landet.

Alle regionale ledd i frivillige kulturorganisasjonar i dei tre pilotfylka er invitert til å ta del i prosessen med å etablere kulturkrets i eige fylke.

Etter påske vil dei tre pilotfylka møte prosjektleiinga for å få satt i gang arbeidet. Dette blir startskotet for å sette i gang oppstartsmøte ute i fylka så raskt som mogleg. Følg med på nettsida til prosjektet, og ta gjerne kontakt med prosjektleiar om du har spørsmål.